steinkjerplan

Steinkjer gjenreisingsby

HISTORIA

Steinkjer er ein av dei finaste og best bevarte gjenreisingsbyane i Norge. 21. og 22.april 1940 vart byen bomba av tyskarane, og over 80 % av byen forsvann. Byen vart gjenreist etter planar utarbeidd av Brente Steders Regulering, eit statleg organ under leiing av NTH-professor Sverre Pedersen, ein internasjonal autoritet på byplanlegging. Hans byplantenking står på tre føter: barokkens byplan med utsiktsakser og fondmotiv, hagebyen som svar på bustadspørsmålet, terreng og bebyggelse i kunstnarisk samspel. Alle tre prinsippa er godt synlege i Steinkjer.

KULTURHISTORISK TYDING

Gjenreisinga er eigentleg nyreising. Det var aldri på tale å gjenreise førkrigsbebyggelsa. I staden er det hagebyens (og modernismens) prinsipp om lys, luft og grønt som blir realisert, men i lokalt tilpassa form. Skiferkledde saltak og ståande trekledning dominerar, også i sentrum, med unntak av Kongens gate, som er den urbane ryggrada med murhus og mange flate tak. På bustadsektoren innebar gjenreisinga heilt nye bustadformer: Blokken, rekkehuset, to- og firmannsbustaden. Med Husbanken og Boligkooperasjonen som verkemedel vart målet om ein sosialt akseptabel bustad til ein sosialt akseptabel pris, langt på veg nådd. Gjenreisinga medførde sterk byvekst. Folketalet i kommunen og sentrumsnære delar av nabokommunane vart truleg fordobla mellom 1940 og 1960.

AUTENTISITET

Berre to bygningar frå gjenreisingsperioden er fysisk rivne, nokre få er sterkt ombygde. Hovudgrepa i byplanen er stort sett uendra, men nokre fortettingar og utfyllingar har forringa eit par utsiktsakser. Dei fleste bustadhusa er om- og tilbygde, men det fins framleis døme på autentiske hus av dei fleste typane.

BRUK

Mykje av handelsverksemda er flytta til nærligggjande kjøpesenter. Restaurant og servering har overtatt mange butikklokale, andre lokale er overtatt av mindre publikumsretta verksemd. Bustadområda er bruksmessig uendra.

bilde1kongensgt 

 KONGENS GATE 

Kongens gate er hovudaksa i gjenreisingsplanen. På Sørsia går gata rett sør-nord, med Brannstasjonstårnet som eit barokt fondmotiv i nord og ein "byport" i form av to "tvillingbygg", Kongens gate 41 og 42, i sør. På Nordsia følgjer gateløpet terrenget – utsiktsakser og fondmotiv manglar, planen er her mindre formell, meir organisk. Store delar av bebyggelsa langs Kongens gate er regulert til bevaring.

KAPELL OG KREMATORIUM 

Kapellet ligg som fondmotiv i Ogndalsvegen, den viktigaste tverraksen til Kongens gate. Kapellet er tegna av Hermann Semmelmann og sto ferdig i 1951. Fram til 1965 fungerte det også som soknekjerke, no er det krematorium.

bilde2kapellet

 

Både eksteriør og interiør er så godt som autentisk og foreslått regulert til bevaring. Kunstnarisk utsmykking av Henrik Sørensen, Kristofer Leirdal m.fl.

STEINKJER SAMFUNNSHUS 

Da Samfunnshuset vart innvia i februar 1951, var det førstesideoppslag i Verdens Gang. Kulturjournalist Hans Heiberg heldt fram Steinkjer som eit føredøme for resten av landet. Men arkitekten, Sverre Olsen, hadde då vore død i eitt år, 47 år gamal. Olsen er den fremste gjenreisingsarkitekten i Steinkjer, den einaste person i byens 154-årige historie som har fått ei kommunal æresbegraving. Samfunnshuset er hans hovudverk. Tre separate bygningskroppar er lenka saman i ein organisk heilskap, form følgjer funksjon, og funksjonen avspeglar seg i fasaden. Byggherre var Arbeidernes Økonomiske Fellesorganisasjon (AØF) og kommunen i samarbeid. I tillegg til kommunale kontorer og kontorer for fagrørsla inneheldt Samfunnshuset landets første innandørs svømmehall nord for Dovre, bibliotek, hobbyrom, kino og festsal og var såleis eit moderne community centre.

bilde3samfunnshuset

Kino, bibliotek og svømmehall er flytta til Dampsaga, kommunale kontor til Rådhuset. I staden er det aktivitetssenter for eldre og ungdomssenter med musikkscene i Samfunnshuset, som framleis er fullt av liv. Interiøret har gjennomgått store endringar, men eksteriøret er i all hovudsak autentisk.

SVENSKBYEN

For å lindre den akutte bustadkrisa i dei norske gjenreisingsbyane, vart det produsert i alt 624 ferdighus ved svenske husfabrikkar, tegna av dei norske arkitektane Morseth, Wiel Gedde og Jørgen. Husa vart delvis finansiert "med bidrag från svenska folket", som det står på skiltet som følgde med. Samtlege gjenreisingsbyar har derfor sin "Svenskby" , Steinkjers består av 51 hus med i alt 75 leiligheitar.

bilde4svenskbyen

Bustadområdet er anlagt som ein typisk hageby, kvart hus har ein liten forhage, ein litt større bakhage i tillegg til eit stort felles, grøntareal. Dei fleste husa er meir og mindre respektfullt om- og tilbygd, men innimellom finst det autentiske perler. Svenskbyane er framleis populære, sentrumsnære bustadområder.

MILBO

Etter krig og gjenreising kom den kalde krigen og ny opprusting. Militærbyen Steinkjer kunne fortsette veksten. MILBO-området består av 16 horisontaltdelte tomannsboligar, bygd i 1952 for offiserar og befal på Steinkjersannan. Arkitekten, Helmer Hofset er ein av landets fremste små- og trehusarkitektar, og MILBO-husa er eit godt døme på hans gode planar og sans for å kombinere det estetiske med det konstruktive, etter prinsippet "synleg konstruksjon". Dei fleste husa er om- og tilbygde og fungerar som ein-familiehus, men det finst også her heilt autentiske bygningar. Den militære tilknyttinga er heilt borte, Steinkjersannan er nedlagd og transformert til bustadområde. Minnene om 300 år som militærby lever berre i gatenamn som "Regimentsbakken", "Steinkjersannan" - og i MILBO-husa.

bilde5milbo

Kilde

Robert Øfsti, Nasjonalt senter for gjenreisingsarkitektur

 

Lenke

Nasjonalt senter for gjenreisingsarkitektur